Hovedseksjon

Fraværsregler

Elvebakkenlogo med vann

§ 3-47. Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal

førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar

og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal

fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet

eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på

årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet

frå opplæringa på førehand.

 

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at

følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset

dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

a) helse‐ og velferdsgrunnar

b) arbeid som tillitsvald

c) politisk arbeid

d) hjelpearbeid

e) lovpålagt oppmøte

f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

 

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på

vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring

som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn

tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved

dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming

eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med

faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre

trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er

knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på

kompetansebeviset.

 

Les hele forskriften til opplæringsloven her.